Seljord Varmeservice AS

Om oss

Seljord Varmeservice AS blei etablert 2007 av Arvid Øygarden og Tarjei Skræi. Forretningsideen bak etableringa var eit varmesenter med basis i moderne og energiøkonomisk oppvarming, som varmepumper og konveksjonsovnar. Etter kvart har vi utvikla oss til å bli ei produksjons- og handelsbedrift med fleire bein å stå på. Vi held til på den tidlegare Essostasjonen i Seljord Sentrum.

Varme
Varmeprodukta vi fører har fokus på framtidas varmeløysingar, slik som varmepumper, moderne reintbrennande ved- og peisovnar. Vårt mål er å tilby oppvarmingsløysingar som er lette å bruke og bidreg til høg komfort. Samstundes er dei gunstige med omsyn til miljø og økonomisk drift.

Vi vil gjerne hjelpe deg med å finne den løysinga som er rett for deg. Ta gjerne med deg bilete/ skisser frå heimen din, eller kontakt oss for eit gratis heimebesøk. Det som er viktig for oss, er at vi saman kan finne ei løysing som blir best for deg. Vi i Seljord Varmeservice vil hjelpe deg med montering og service på varmepumper, omnar, peisar og piper. I nettbutikken vår er det eit stort utvalg av bl.a Varmepumper og peisovnar, eller ta turen innom butikken vår i Seljord. Der har vi ein del av produkta våre utstilt. Sidan 2011 er bedrifta godkjent for ansvarsret, og kan vere behjelpelige med søknader til nybygg etc.

Gass
Vi har egen fyllestasjon for LPG , med anlegg for autogass, og flaskefylling. Vår LPG stasjon er i Steinsrudvegen vis a vis Europris Seljord, og har 24 t bankterminal. For Propan og autogass er vi medlem i kjeden Scandic gass.

Ved butikken har vi også utsalg med rimelig propan og vi har fleire propan - forhandlere  i Vest og Midt -Telemark.  

Sidan sommaren 2010 er vi distributør for Yara Praxair, og er dermed ein komplett gassleverandør til både private og næringslivet i lokalområdet. Vi køyrer faste ruter med levering av gass både til underforhandlerar og bedriftskundar. Ta gjerne kontakt med oss for meir info om dette.

Kjemi
Vi produserer, marknadsfører og sel varemerket Drake Chemicals. Dette er teknisk/ kjemiske vaske- og reinsemiddel til; Bil, Verksted, Industri og Landbruk. Produkta har overlegne egenskaper, slik som bl.a produktet StripAll. Vi sel i dag produkta til eit stigande forhandlernett i Norge og Norden. For meir info sjå www.drakechemicals.com .

Butikk
I butikken vår finn du produkter som nevnt ovanfor og i tillegg lagerfører vi
Tilbehør, ovnsrør, plater etc til ovnar
Komplette stålpiper
Propanovnar og tilbehør
Murprodukt frå LIP
Fabrikkutsalg Drake Chemicals og tilbehør

Vi som jobbar her:

DAGLEG LEDAR:

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Tarjei Skræi har lang og allsidig erfaring innan Agentur/Handel og forretningsdrift. Han  er bedriftas "ovn-spesialist" med bakgrunn som bl.a agent for Westfire peisovner ,og ein kan i ordets rette forstand seie at "han er brennande opptatt" av ovnar og flammer. I tillegg er han mr "stripAll " og produktsjef for Drake Chemical . Tarjei treff du på kontoret i Seljord eller når han er ute på sals eller forretningsreiser.
mobil: 957 21 369 eller mail Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

 

TEKNISK SJEF:

Arvid

Arvid Øygarden har 40 års erfaring med handel, service og teknisk utstyr. Arvid er firmaets tekniske ekspert og fagansverleg på Varmepumper, og er Novap ( Norsk Varmepumpe Forening) godkjent Montør. Arvid er mest ute på befaringar og Service/rep.
mobil: 901 06 418

 

BUTIKK/KONTOR:

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Åsne Vågen  - Butikksjef og driftskoordinator.  Allsidig erfaring, og alltid blid og hyggelig. Lurer du på når den nye ovnen eller varmepumpa planlegges og montere ? Dette har Åsne oversikt over. Kontaktinfo  til Åsne butikk/kontor 350 84 100 eller   Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen  

 

MONTØR:

ZZ

Zbiegnew Zysk - ” Zbutsjek” er firmaets supermann. Han monterer Varmepumper, ovner/peisar og legg skifer/flisar. Kjennetegnet for ham er "100 %. Zbignew er Novap godkjent Varmepumpemontør.

MONTØR:

Hvard

Håvard Velta - Montør og fagmann på Varmepumper. Håvard er også ein veldig flink og alsidig kar, og for han eksisterar det kun " utfordringar". I tillegg til Novap kurs, er også Håvard sertifisert etter F- gass ordninga.

 

LAGER/UTKØYRING:

STF 

Svein Tore Fossen - Lager og gass ansvarleg. Altid blid og hyggelig, og er han ikkje på lageret er han nok ute på vegane med den eine Chevrolet`n og leverar gass til ein av dei mange propan -forhandlerane vi har.

 

SALGSREPRESENTANT:

Inge

Inge Haukås - Er vår mann i Grenlandsområdet. Inge har lang erfaring med salg og planlegging av teknisk utstyr. Bor du i Grenland, og vurderer og kjøpe Varmepumpe kontakter du Inge. Mobil: 922 78 965

 

Andre

I tillegg til de faste her engasjerer vi 1 - 5   personer/ ekstrapersonell etter behov og sesong