Om Vedovner
Seljord Varmeservice er ei spesialforretning for moderne oppvarming, og hos oss får du kjøpt moderne reintbrennande konveksjonsovnar. Her finn du grunnleggande informasjon om moderne vedomnar, og råd om kva som er viktig når du skal velje omn.Frå 1. juni 1998 innførte styresmaktene nye reglar for godkjenning av vedomnar. Den nye godkjenningsordninga sikrar at vedomnar som vert selt i Noreg gjev tilfredsstillande forbrenning, slik at energien i veden utnyttast godt og utslippa av røykgass og partiklar vert redusert. Det er no forbode å selje omnar som ikkje tilfredsstiller utslippskrava i norsk standard NS 3059.
Reintbrennande
Ved er ein miljøvenleg oppvarmingsmetode sidan den ikkje aukar CO2-konsentrasjonen i atmosfæra. Fyring med ved gjev likevel utslepp av partiklar til nærmiljøet, og feil fyring og bruk av gamle omnar gjev meir utslepp enn nødvendig. Nye reintbrennande omnar gjev små utslepp og er langt meir energieffektive enn gamle omnar som ofte har ufullstendig forbrenning. Dei beste nye reintbrennande omnane har ein verknadsgrad på rundt 80 %, medan gamle omnar kan ha ein verknadsgrad ned mot 50 %.Varmefordeling
Sjølv om alle moderne vedomnar er reintbrennande, er det stor forskjell i måten dei gjev varme på. Nedanfor ser du skilnad mellom tradisjonelle stråleomnar og moderne konveksjonsomnar.
![]() |
StrålevarmeVarmen blir konsentrert rundt omkring omnen. Derfor blir lufta tett ved omnen svært varm, medan temperaturen synker når ein kjem litt vekk frå ovnen. Ein stråleovn har ofte problem med å fordele lufta i huset. Alle stråleomnar er laga av støpejern. |
![]() |
Konveksjonsvarme
|
Brennkammeret i ein moderne vedomn er laga av Scamotec. Dette isolerer 4 ganger betre enn tradisjonell eldfast stein. Fordelen med dette er at ein kan få høg nok temperatur til å brenne opp alle gassane. Dess høgare temperatur ein får i brennkammeret, dess reinare, meir miljøvennleg og økonomisk forbrenning.
Verknadsgrad er eit mål i prosent på kor stor del av vedens energiinnhald peisomnen/ peisinnsatsen kan gje som varme til rommet. Dess høgare verknadsgrad, dess betre utnyttast vedens varme.
Rett storleik på omnen
Generelt skal ein ikkje kjøpe ein omn som er for stor. Det er betre å ha ein omn med lite effekt, enn ein vedomn med for stor effekt. Dersom omnen brenn rett, skal den store omnen ha same temperatur i brennkammer og pipe, som ein liten omn. Då blir det ofte for varmt, og ein må lufte gjennom dører og vindauge for å regulere varmen.
Kva er effekt?
Effekten vert målt i kW (kilowatt) og tilsvarar den varmen eldstaden gjev ved eit visst tidspunkt. Dess hardare du fyrer, desto større varmeeffekt. Ein peisomn kan normalt gje ein effekt på 2 – 10kW. Liten eld, låg effekt. Stor eld, høg effekt. Ein elektrisk varmeomn gjev normalt ein effekt på 1000 w = 1 kW. Ei vanleg varmepumpe gjev litt over 4 kw nominell effekt.
Kor stor effekt?
Ein bustad med normalt god isolering har vanlegvis eit oppvarmingsbehov på 60 - 70 watt pr. kvadratmeter. Til oppvarming av eit rom på 50 kvadratmeter treng du å fyre med kontinuerlig effekt på ca 3500 watt.
Alle produsentar er i dag pålagt å oppgi watt i gjennomsnittleg nominell effekt. Watt i fra – til effekt vil i mange tilfelle verke misvisende. Ex 3- 11 KW.
| < Forrige | Neste > |
|---|


