Om varmepumper
Her har vi samla relevante spørsmål og svar om varmepumper
- Kva bør eg legge vekt på når eg skal velge varmepumpe?
Du må sjå på både totaløkonomi og komfort. Ei rett dimensjonert varmepumpe av god kvalitet vil kunne gje ei god oppvarming gjennom heile fyringssesongen med unntak av dei aller kaldaste dagane.
Då må du tilleggsfyre med ved/straum. Innkjøpsprisen er berre ein del av reknestykket når du skal velje varmepumpe.
Viktige moment er:
- Varmepumpa bør levere mykje varme også når det er kaldt ute
- Lydnivået på innedelen
- Rett plassering av inne- og utedel
- Tilgang på service
- Fagmessig montering
- Kor mykje kan eg forvente å spare?
Dette er avhengig av bustaden si utforming og kor store utgifter du har til oppvarming.
Normalt vil ein husstand bruke ca 60 % av energibehovet til oppvarming. Med ei varmepumpe kan du forvente å spare 60 - 70 % av dette.
Med andre ord kan du forvente å spare 30 - 40 % av den totale straumrekninga. Ein gjennomsnittleg einebustad har eit samla årleg straumforbruk på 25 000 kilowattimar, og av dette vert 15 000 kWh brukt til oppvarming.
Med en straumpris på 70 øre pr kWh vil du spare mellom 5.000 og 7.000 kroner pr år. - Kvifor skal eg betale kr 25.000 for ei varmepumpe når eg kan få ei for under 15.000 ?
Når du skal velje varmepumpe, bør du sjå på det du sparar, og komfort gjennom heile varmepumpa si levetid. Det er store skilnader på produkt som er laga med tanke på kvalitet og dei som er laga for å vere billegast mogleg.
Skilnadene vil særskilt merkast ved kor mykje varme varmepumpa leverer ved låge temperaturar, kor effektiv den er (COP-verdi) ved låge temperaturar og varmepumpas kvalitet.
- Vil varmepumpa varme opp bustaden ved låge utetemperaturer?
Ei varmepumpe av god kvalitet vil bidra med varme under -20 °C, men under slike tilhøve må du rekne med å tilleggsfyre med ved/ olje/ straum.
- Kor stor bør varmepumpa vere?
Når du skal kjøpe varmepumpe, bør du hente inn råd frå ein autorisert forhandlar av varmepumper. Normalt skal varmepumpa dimensjonerast for ca 60 % av maksimalt oppvarmingsbehov.
- Kor mykje lyd lagar varmepumpa?
Varmepumpas innedel gjev omtrent like mykje lyd som ein vifteomn, litt avhengig av kor stort varmebehovet er. Når varmebehovet er stort vil den lage meir lyd enn når den berre justerar temperaturen. Generelt kan ein seie at lydnivået ligg på +/- 25 db målt på ein meters avstand.
Utedelen støyar litt meir enn innedelen, og bør helst ikke plasserast like under soveromsvindauga. For å unngå vibrasjonsstøy, bør utedelen festast på grunnmur eller i stenderverk, og ikkje direkte i ytterpanelet. Dette er svært viktig med omsyn til resonans i veggkonstruksjon!
Verken inne- eller utedelen gjev "raklelyd”. Det er meir tale om eit jamnt sus fordi det blæs luft over varme- og kjøleelementa.
NB! Under avriming kan det høyrast ein "surklelyd". Dette er heilt normalt, fordi det er væska som flytter seg for å tine opp ytterdelen under avrimingsprosessen. Dette er det pumpa som styrer.
- Kor mykje vedlikehald krev varmepumpa?
Normalt vedlikehald av innedelen medfører å støvsuge støvfiltra ca ein gong pr månad og å vaske pollenfiltra ca to gonger i året. Utedelen bør ha ettersyn ein til to gonger i året for å sjå om det har samla seg lauv eller anna som hindrar luftgjennomstrauminga. Det er tilrådd å ta service på varmepumpa annankvart år. Vi utfører slik service, og alle som kjøper pumpe av oss vil bli kontakta etter to år, med tilbod om service.
- Kor lang levetid har en varmepumpe?
På same måte som det er vanskelig å estimere eit kjøleskaps levetid, kan ein ikkje fastslå kor lenge ei varmepumpe vil vare. Produsentane anslår minst femten år, men det er ingen grunn til at ikkje varmepumpa skal kunne vare lengre.
- Kva for bustader er egna for luft/ luft varmepumper?
Med eit normalt straumforbruk, dvs over 15.000 kWt, vil dei fleste ha nytte av ei luft/ luft varmepumpe. For å få spreidd varmen er det ein fordel om du har opne løysingar i det arealet som skal varmast opp. For spesielle bustadar med fleire atskilte soner som skal varmast opp, kan det vere aktuelt med to varmepumper.
- Korleis vil varmepumpa oppføre seg dersom eg fyrer med ved?
Dersom temperaturen overstig det nivået du har stilt varmepumpa på, vil kompressoren i utedelen stanse. Vifta i innedelen vil fortsette å gå, og den vil bidra til luftsirkulasjon og spreiing av varmen frå vedomnen. Når temperaturen etter kvart søkk under varmepumpas innslagspunkt/ settemperatur, vil den starte opp igjen.
- Kva tyder det at ei varmepumpe har energiklasse A?
Energiklassa seier noko om kor effektiv varmepumpa er. Dei mest effektive varmepumpene har energiklasse A, og dei minst effektive energiklasse F. Varmepumpas COP-faktor, målt av Eurovent, avgjer kva slags energiklasse den hamnar i.
| Energiklasse | COP |
| A |
3,6 |
| B |
3,4 < COP <= 3,6 |
| C |
3,2 < COP <= 3,4 |
| D |
3,0 < COP <= 3,2 |
| E |
2,8 < COP <= 3,0 |
| F |
2,6 < COP <= 2,8 |
Kjekt å vite om varmepumper
I Norge ble den første varmepumpen til oppvarming av bygg tatt i bruk i 1964. Utviklingen og salg av varmepumper har i de senere er bare økt og økt. Mens det i 2000 ble solgt rundt 1000 varmepumper årlig, ble det i 2007-2008 solgt 73 000 varmepumper. Det er nå installert over 350 000 varmepumper i de norske hjem, luft/luft pumper utgjør 90 % av disse. Visste du at i februar 2010 vil et nytt direktiv for energimerking av boliger tre i kraft. Målet med energimerking er å øke bevisstheten rundt bruk av energi og at flere boligeiere gjør energivennlige utbedringer. Energimerket viser hvor god energistandard boligen har, og inngår i en energiattest som blir det dokumentet selger kan legge frem - og som kjøper kan etterspørre. Med en varmepumpe vil energistandarden heves betraktelig. Ser vi på kroner og øre, vil nok de fleste tenke at en varmepumpe er kostbar å installere, men med noen enkle regnestykker vil vi fort finne ut at den investerings kostnaden er inntjent på spart strøm og oppvarming i løpet av 3-5 år. Samtidig som du bidrar med å spare miljøet.
En varmepumpe er et kuldeanlegg som benytter varmedelen av systemet til varmegivelse og den kalde delen til å oppta energi fra jord, vann eller luft. Varmepumpens prinsipp bygger på terminologien om at energien rundt oss er konstant, uansett hvor mye vi benytter oss av den. Den kan brukes hele året, den gir varme om vinteren, og avkjøling om sommeren.
Varmepumpeenergi er fornybar energi og du er mindre avhengig av å kjøpe energi - det vil si at du er mindre utsatt for konjunktursvingninger som for eksempel økte strømpriser eller avgifter. Du trenger ikke lagringsplass for energi, som for eksempel en oljetank, du reduserer ditt totale strømforbruk, du får økt komfort og bedre inneklima. En varmepumpe er miljøvennlig og vi er med på å redusere utslipp av CO2, slik hjelper vi til med å ta vare på vår moder jord.
| < Forrige | Neste > |
|---|



