Service etter 2 år er ein føresetnad for at garantien på innedelen skal gjelde i 5 år, men også ein garanti for å oppretthalde ytelsen, og sikker drift på varmepumpa. Dei som har kjøpt varmepumpe av oss har fått tilbud om serviceavtale. Andre kundar er sjølvsagt også velkomne til å kontakte oss for serviceavtale.
Vedlagt er ein artikkel der viktigheten av service blir presisera. Ved service kan vi ôg gjere andre ting som å montere trehus eller legge dreneringsslange med varmekabel, for at ikkje det skal bygge seg opp med is under pumpa. Ofte veit ein ikkje omfanget av dette før pumpa har hatt 1 eller 2 driftsår.
| < Forrige |
|---|







